Knepent tap mot SIF/Hessa
Sunnylven G13 gjekk på eit knepent tap borte mot SIF/ Hessa på kunstgraset på Hessa torsdag ettermiddag.
Sunnylven tok leiinga etter berre to minutt ved Trym og kvarteret seinare auka Sander til 2-0 på eit flott skot. 5 minutt før pause reduserte heimelaget til 1-2 som også vart pauseresultatet. I andre omgang scora heimelaget to gongar utan at Sunnylven klarte å kvittere. Det siste målet berre 5 minutt før slutt. Dermed vart det eit knepent tap for våre gutter.
SIF/ Hessa starta sesongen med å vinne heile 24-0 i sin fyrste kamp. Så dette var ein kjempeprestasjon av Sunnylven i ein meget spennende kamp.
Neste kamp for G13 er heime mot Emblem 2. Den kampen er etter terminlista 25. mai kl 18.30.