Lokalnytt

Konsert med Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt


Det blir konsert med Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt på bedehuset 9. juli under Sommardagar på Hellesylt.

Under Sommardagar på Hellesylt blir det 9. juli konsert med Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt i Bedehuset på Hellesylt.

Søndag 9. juli kjem Sigrid Moldestad tilbake til Hellesylt med konsert i Sunnylven bedehus saman med pianist Helge Lilletvedt. Sigrid er ein norsk folkemusikar, låtskrivar og artist som i 2007 vann spelemannsprisen i klassa Folkemusikk / gammaldans for plata «Taus», og sidan det har motteke ei rekke andre prisar. Denne gongen har ho med seg Helge Lilletvedt på tangentar og vi har trua på ein magisk konsertopplevelse i kulturbedehuset på Hellesylt.

Sigrid Moldestad har vore på Hellesylt fleire gonger det siste året, både på utescena på Ljøen, og under konsert på Sunnylven samfunnshus i fjor haust. Alle stader samlar ho fulle hus med sine flotte songframføringar.
Konserten i bedehuset under Sommardagar på Hellesylt blir ei ny stor oppleving for mange, og eit gjenhøyr med to fantastiske song -og musikkformidlarar, Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt.

Bilettar blir selde i døra og er sett til kr. 250.- Ta med kjære og gode vener og bli med på konserten i kulturbedehuset på Hellesylt 9. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380