Lokalnytt

Markerte Frigjeringsdagen 8. mai.

Ordførar Tryggestad mottek heidersbevis tildelt far sin av Rune Enlien. (Alle foto: G. S. Fivelstad)

Frigjeringsdagen 8. mai vart markert i Stranda sentrum. Samlingsstaden var ved rådhuset der tilreisande og mellom 40 og 50 personar møtte fram.

På frigjeringsdagen 8. mai kunne ein i Stranda sentrum høyre kommunal -og distriktsminister Sigbjørn Gjeldsvik halde tale for dagen, og i tillegg la han ned krans ved bautaen saman med ordførar Jan Ove Tryggestad.
Oberstløytnant Rune Enlien frå HV 11 var også til stades og overrekte militære heidersbevis til personar i Stranda kommune.

Ein av dei var no avdøde Jon J. Tryggestad frå Hellesylt. Han døde i fjor, 94 år gamal så det var son og ordførar Jan Ove Tryggestad som tok imot heidersbevisa.

Jon J. Tryggestad var i Tysklandsbrigaden etter krigens slutt på 40-talet. Ei lite triveleg tid i følgje han sjølv, fortel sonen til hellesylt.info.
Han var motorsykkelordonans under tenesta, men var glad han kom igjennom det heile utan store dramatiske hendingar. Tyskerane var lite glade i utlendingar. Det var ei tid han helst ikkje ville snakke om, for opplevingane i det krigsherja og utbomba landet var berre grufulle, fortel ordførar Tryggestad etter far sin.
Ordførar Tryggestad tok mot dei to heidersbevisa, frå Tysklandsbrigadens veteranforbund og Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar. Han skal levere dei vidare heime der Oddveig, kona til den avdøde krigsveteranen kan henge utmerkingane på veggen i stova.

Kommunal -og distriktsminister Sigbjørn Gjeldsvik heldt tale på Stranda

I tidlegare år har det ikkje vore store feiringar av 8. mai i Stranda kommune.
-Kanskje er frigjeringsdagen ein dag vi bør markere tydelegare i åra som kjem, seier ordføraren.
I år kom mellom 40 og 50 til markeringa, frå skuleklasser til vaksne personar til arrangementet ved rådhuset i Stranda sentrum. Ei markering arrangert av Stranda Rotaryklubb og Stranda kommune.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380