Nye sigrar til J10 og J13
Både J10 og J13 sikra seg nye sigrar når dei tok imot hhv Bergsøy og Herd 2 til dyst på Sunnylven stadion tysdag.
J13 tok leiinga i sin kamp etter eit kvarter når Ingeborg scora etter pasning frå Tuva Marie. Herd kom til denne kampen frå 9-0 siger mot Hasundgot og spela mykje fin fotball. Dei utlikna vel fortent til 1-1 som også vart pauseresultatet. Også i andre omgang hadde Herd mykje av banespelet, men sleit med å få ballen forbi ein solid keeper Tonje. I staden var det heimelaget som sette sjansane sine. Etter 10 minutt i andre omgang sette Tuva Marie ballen i mål etter retur frå keeper og 10 minutt seinare fastsette Ingeborg sluttresultatet til 3-1. J13 har dermed full pott etter sine tre fyrste kampar og leiar tabellen framfor MTG som nedsabla Sæbø heile 11-0 på bortebane i dag. God dommar var som vanleg Odd Even Svindseth, VRF.
J10 hadde besøk av Bergsøy raud. Også her var det ein jamn fyrste omgang som heimelaget leia knepent. I andre omgang auka heimelaget leiinga og vann til slutt komfortabelt. God dommar også her var Knut Dag Langeland, Sunnylven IL.