Lokalnytt

Olje-og energiminister Aasland til Hellesylt og Stranda

Olje- og energiminister Terje Aasland besøker Stranda fredag 26.mai. Han vil starte dagen på Hellesylt for å bli informert om Norwegian Hydrogen sitt hydrogenprosjekt i Hellesylt sentrum.

Om veret tillet det, vil Aasland også ta turen til Åkneset for å sjå staden og det rasutsette fjellområdet på nært hald.

Etter eit stopp der vil han halde fram besøket i NVE sine lokale på Stranda der han vil bli informert om utviklinga NVE har hatt sidan oppstarten på Stranda. Også spørsmålet om drenering på Åkneset vil bli sentralt under besøket.

Det er det lokale partilaget Stranda Arbeiderparti som står for besøket av statsråden. Aasland avsluttar besøket med eit møte i det lokale partilaget før retur på ettermiddagen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380