Olje -og energiminister besøkte Hellesylt
Fredag 26 mai besøkte Olje -og energiminister Terje Aasland Hellesylt og Stranda. Besøket starta på Hægstad Gård, før synfaring på Hydrogentomta og ved Åkneset i Sunnylvsfjorden.
Ole -og energiminister Terje Aasland var på dagsbesøk til Stranda kommune fredag 26 mai, og her var det fleire møter og besøk heile dagen.
Det starta på Hægstad Gård der han fekk informasjon om diverse saker som det blir jobba med i Norwegian Hydrogen, Knut Flakk snakka om hotel -og turistutbygging på Hellesylt som no er utsett inn til vidare grunna høge avgifter til staten, og Andreas Wenås Østigård fortalde om utbygging av fabrikken for hydrogenproduksjon på Hellesylt.
Olje -og energiminister Aasland fekk god informasjon om det nye anlegget for hydrogenproduksjon på Hellesylt som ein håper å kunne levere mellom anna drivstoff til ferjer mellom Hellesylt og Geiranger frå. Etter møtet drog dei frammøtte til Øyrane for å sjå tomta der norges fyrste hydrogenfabrikk skal byggjast og vere i produksjon frå desember 2023.
Etter møtet på Hægstad Gård vart statsråden frakta med helikopter til Åkneset for å sjå det rasutsette fjellområdet. Fjellet er i dag godt overvaka. Statsråden sitt besøk vart avslutta på Stranda seinare same dag.