Ønskjer utbedring av Kurle-råsa
Våningshuset på Kurlå, restaurert av organisasjonen Storfjordens Venner
Det er sendt søknad om tilskot til utbetring av råsa frå Korsbrekke til Kurlå ved Hellesylt. Turen til den gamle buplassen forbi Åseneset er mykje nytta av både unge og eldre.
I Sunnylven er det seks StikkUt-turar, ein til 1285 meter høge Steimsnibba, til Skaret, Karbømarka, på Ljøsætra og Ljøbrekka, og Ljøkaia.
Kurlå var den korte StikkUt-turen i fjor, men er ute i år. Likevel er staden besøkt av mange, råsa frå Korsbrekke går mykje på svaberg, men også over nokre våte parti.
No har fleire gått saman og søkt StikkUt om tilskot til å gjere tiltak på dei våte partia, ein kostnad som er berekna til vel 20.000.- kroner. Arbeidet med å snekre saman gangbruene skal gjerast på dugnad, heiter det.
Det er leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal som har sendt søknad til StikkUt om saka. Han ser for seg at dette kan vere eit fellesprosjekt for fleire organisasjonar, også for Sunnylven IL.
I søknaden skriv han at stien er mykje nytta både av fastbuande og besøkande, men at det på enkelte parti er svært blautt når det er nedbør.
-Vi kunne teke oss å utbedre desse partia med plankegangar, skriv Bjørdal.
For nokre år sidan restaurerte Storfjordens Venner det gamle våningshuset på Kurlå, eit hus som stod til nedfalls.
I åra etter har det blitt ein populær tur for mange å gå til Åseneset og vidare til Kurlå. Trimturen her kan også lengtast med å gå Åse-runden, opp frå Åseneset til gardane i Åsen og tilbake til Korsbrekke.
No blir det altså søkt StikkUt om tilskot til tiltak på fyrste del av råsa frå Shell-kaia til Kurlå.
Turen frå Shell-kaia til Kurlå har ei lengde på knappe 600 meter.