Lokalnytt

Ørjan Frøysadal Hauge treffsikker i LerumCup.

Gode skyttarr frå Sunnylven skyttarlag under LerumCup. Frå venstre Isak Elias Frøysadal Hauge, Kai Adam Røyrhus, Ørjan Frøysadal Hauge.

LerumCup i skyting vart arrangert nest siste helg i mai. Fleire Sunnylvs-skyttarar deltok og best av dei vart Ørjan Frøysadal Hauge.

(«Vår» mann på stemnet: Ola Vangen)

Skyttarar frå Sunnylven har delteke på fleire stemner i LerumCup, ein skytekonkrranse arrangert av seks skyttarlag frå i Sogn, Sogndal, Leikanger, Knipenborg, Farnes, Hafslo og Aurland.

Det vart mange sterke skyteresultat av Sunnylven-skyttarar under desse stemna, mellom anna av Ørjan Frøysadal Hauge der inner-tiarar kom ofte. På fire av stemna vart det «fulle hus» med 350 poeng, og med fleire inner-tiarar.
Under LerumCup i Sogndal var han treffsikker og skaut 350 med 23 innertiarar. Det heldt til siger i juniorklassa.
Totalt på seks skytingar har Ørjan sanka 1746 poeng og 129 innertiarar.
Resultat frå stemna vart:
Farnes 350 (30), Aurland 345 (21), Knipenborg 346 ( 19), Leikanger (350 (29), Sogndal 350 (23), Hafslo (350 (28).

Sunnylven skyttarlag har fleire unge som deltek under LerumCup, mellom dei Isak Frøysadal Hauge og Kai Adam Røyrhus.
Isak Elias enda til slutt som nr. 11 samanlagt i klasse eldre junior. Han hadde både 2. plass og 3. plass under stemna. Det deltok 32 skyttarar i klasse Eldre rekrutt.
Kai Adam vart nr. 19. i klasse rekrutt, også det ein sterk prestasjon. Her deltok det 38 skyttarar.

God skyting på 200 meter.

Det var også god skyting på 200 meter av skyttarar frå Sunnylven Sk.lag. Ivar Fivelstad fekk 29 plass samanlagt i kasse 3-5, med beste plassering på Farnes med 14. plass.
Kristian Frøysadal Hage kom på 45. plass samanlagt med 25. plass på Hafslo som beste.
For Dag Andre Hauge vart det 80. plass samanlagt, med 57. plass på Knipenborg som beste plassering.
Kjell Oddvar Frøysa skaut seg til 97. plass samanlagt og 80. plass i Sogndal som beste, og Ola Vangen vart nr. 166 med 82. plass i Hafslo.

Nils Olav Frøysa deltok i klasse V55 og skaut seg til 24. plass samanlagt. Beste stemne var Farnes med 19. plass.

Totalt deltok det 200 skyttarar i dei seks stemna i klasse 3-5, og 72 i klasse V55.
Klasse 3-5 vart vunne av tidlegare skyttarkonge Daniel Sørli. Som beste resultat nådde han fullt hus med 350 poeng og 20. inner-tiarar.
I klasse V55 Var det Roger Ottosen, Vestre Toten som skaut best med 350 og 24. innertiarar som beste stemneresultat.

Her er resultat for sunnylvs-skyttarar frå dei seks stemna samanlaget. (maks poengsum 1750)
Kai Adam Røyrhus                          1664 (36 sentrum)
Ørjan Frøysadal Hauge                  1746 (129 sentrum)
Isak Frøysadal Hauge                     1709 (86 sentrum)
Ivar Fivelstad                                    1714 (75 sentrum)
Kristian Andre Frøysadal Hauge  1705 (73 sentrum)
Dag Andre Hauge                            1690 (75 sentrum)
Kjell Oddvar Frøysa                        1678 (67 sentrum)
Ola Vangen                                       1319 (30 sentrum
Nils Olav Frøysa                              1712 (70 sentrum)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380