Lokalnytt

Pynta Sunnylven kyrkje til regnbogemesse

Aktørar under regnbogemessa i Sunnylven kyrkje. Frå venstre Kristin Storstein, Ann Kristin Langeland, Janne Urkegjerde, Tora Overvoll, Gunnhild Overvoll (bak) og Gunnar Inge Eide.

Pride -eller regnbogemessa i Sunnylven kyrkje søndag samla mellom 40 og 50 unge og eldre. Her tona det ut fleire kvikke songar, der var musikk, og preike av sokneprest Ann Kristin Langeland.

Sunnylven kyrkje var vakkert pynta med regnbogeflagg og andre pride-symbol då det vart invitert til gudsteneste søndag. Der var også Gunnhild og Janne Urkegjerde frå Stranda som opna messa på piano og fele med kvikke musikalske tonar.

Deretter var det salmesong og «Guds kjerleik er som stranden» som tona ut i kyrkja der knappe femti var møtt fram.

Etter velkomsthelsing av prest Ann Kristin Langeland var det song av Kristin Storstein og songen «Ikkje som dei andre» med organist Gunnar Inge Eide ved pianoet.

I preika sa Langeland:

-Det blir ikkje invitert til regnbogemesse for å provosere, men fordi det er viktig og at det er av kjærleik, at vi alle er skapt i Guds bilde. Vi er i 2023 og det skulle ikkje vere nødvendig, men det er det å skape rom der mangfaldet veks. Det vil også Gud, sa Langeland, og heldt fram;
-Ein gong skal vi oppdage kor stort og vakkert fellesskapet er, der kjærleiken er størst, der vi helsar og tek mot kvarandre slik vi er. Vi er komne langt i samhaldet oss mennesker imellom, men har også ein veg å gå enno.
Kyrkja har vore samlande, men også fordømmande om skilnad og livet til den enkelte. Vi har sådd salt i sår som har svidd. Men kyrkja og biskopar har bede om tilgjeving, noko vi alle må, sa Ann Kristin Langeland.

Regnbogemessa hadde mykje vakker song og musikk som mellom anna desse stod for. Lengst vekke Janne Urkegjerde, Gunnhild Overvoll ved pianoet, og Kristin Storstein.

Deltok i pride-parade.

Ho gjekk sjølv i pride-paraden på Stranda dagen før, fortalde ho.
-Kanskje var der nokon som såg ein prest i opptoget og såg at det ikkje var fårleg!
Vi er alle annleis på kvar vår måte, men vi er her for kvarandre og vi er her for Gud, skapte i Guds bilde og som den vi er, avslutta Langeland.

Gudstenesta i Sunnylven kyrkje hadde også mykje vakker song, ikkje av dei mest brukte salmane i kyrkja, men med liv og fridom i tekstane. På trompet fekk vi høyre Tora Overvoll i lag med Gunnar Inge Eide på kyrkjeorgelet, Kristin Storstein song fleire songar, og det vart fleire innslag ved Gunnhild Overvoll på piano og Janne Urkegjerde på fele.
Regnbogemessa i Sunnylven kyrkje vart avslutta med nattverd.

Kristin Storstein song som alltid vakkert, her med Gunnar Inge Eide ved pianoet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380