LokalnyttUkategorisert

Pyntar med blomar i Hellesylt

Plantegjengen på Hellesylt, frå venstre Randi, Astrid, Mia, Håkon, Ingebjørg og Anne Lise.
Foto: Odd Jostein.

Sunnylven pensjonistlag og Hellesylt Næringslag har også denne våren pynta Hellesylt sentrum med blomster i store krukker. Siste veka i mai kom 12 krukker på plass.

Dei tok turen til Holmbergs gartneri i Velledalen «gartnarane» på Hellesylt. Der fekk dei kjøpt det dei ville av blomar i fleire fargar, og som skulle fylle dei store krukkene som står rundt om i Hellesylt sentrum og prydar heile sommaren.

Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland var ei av sju andre frå laget som brukte plantespaden og fekk blomane i god jord. Den vart fornya i år, og det vart gjødsla så om temperaturen spelar på lag skulle vekseforholda vere dei aller beste, seier Astrid. Og det var ein jobb som gav gartnarane mykje glede, det er alltid kjekt å stelle pent og gjere det fint rudt oss, legg ho til.

Krukkene er no plassert ut i sentrum på Hellesylt, køyrde på plass av Knut Dag Langeland med trøkk.
-Fint om den som går forbi og ser at ugras har kome i blomsterkrukka, nuppar det vekk slik at det ser pent ut, legg pensjonislagsleiaren til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380