Spanande og målrik G13-kamp
Det vart både fart og god fotball då heimelaget Sunnylven G 13 møtte Emblem på Hellesylt stadion torsdag kveld. Begge lag var like gode, dei vann kvar sin omgang 5-3 så sluttresultatet vart 8 – 8.
Det var ikkje det gode speleveret på Hellesylt stadion torsdag kveld då Sunnylven og Emblem sine G13-lag braka i hop om seriepoeng. Det enda målrikt og uavgjort 8 – 8.
Emblem leia 5-3 ved pause, men det gjorde Sunnylven kort prosess med i andre omgang, Med tre kjappe mål av Sander før det var gått ni minutt, og eit mål på frispark av Trym gjorde at heimelaget leia 7-5.
Då måtte gutane frå Emblem ta Sunnylven alvorleg og dei dunka fyrst inn to kjappe mål.
Gjestane i blått og kvitt var gode, spesielt i fyrste omgang, dei tok leiinga før halvminuttet var gått, og la på til 5-3 før kvilen halvvegs.
Men i andre omgang kom eit friskare heimelag på bana og måla rann inn med vinden i ryggen. Det var ein underhaldande og god kamp med mykje publikum som jubla høgt for skåringar til Sunnylven-gutane. Jubel fekk også Embem av ei handfull engasjerte tilreisande når ballen susa i nettmaskene for dei blå-kvite.
Kampen vart spanande i regn og få plussgrader på Hellesylt stadion torsdag kveld. Og sjølv om det vart berre med det eine poenget til heimelaget denne gongen, så gjorde dei ni spelarar frå 11 til 14 år ein god kamp denne gongen, eit lag vi gler oss å sjå i fleire kampar.
Som vanleg, Odd Even Svindseth , VRF var god dommar.
Slik kom måla:
o-1 etter 26 sekund:
1-1, keeper langt ute hos Emblem
2-1, Sander skyt
2-2, corner
3-2, stuphead
3-3
3-4
3-5:
Pause.
4-5, 5-5, 6-5, Alle Oskar
7-5. frispark Trym
7-6
7-7
8-7 Fredrik langskot
8-8
Slutt.