Sprang nest siste etappe i Holmenkollstafetten
Hege Ringdal frå Sunnylven IL sprang 14. etappe for BUL Aktiv under Holmenkollstafetten laurdag. Det vart 23. beste etappetid på Hege mellom totalt 960 lag som fullførte.
Laurdag 13. mai vart Holmenkollstafetten arrangert i Oslo, ei massemønstring av stafettlag frå heile landet. Tidlegare var Sunnylven IL fast aktør under stafetten og kom i mål til mange flotte plasseringar.
I år hadde klubben med berre ein løpar i stafetten, nemleg Hege Ringdal.
Vi tok kontakt og her er svaret ho sende tilbake til hellesylt.info.
-Eg sprang etappe 14. for Bull-aktiv, ei etappe på 720 meter flatt. Det var veldig kjekt med masse folk, kaos i vekslingsfelta og god stemning. (:
Vi stilte i klassa mix-lag med flest kvinner, og her kom vi på 2. plass av rundt 960 lag som fullførte denne kategorien.
Eg fekk 23. beste etappetid av desse 960 i vår klasse, skriv Hege Ringdal.
Hege er med i eit forskningsprosjekt i Oslo. Tysdag, fire dagar før stafetten tok ho muskelbiopsi i låret, noko som sette henne litt ut av spel trening -og løpsmessig, og som gjorde at prestasjonen blei litt dårlegare enn ho hadde håpa, seier ho.
Men ho legg til at laget var fornøgd og at det var ein kjekk opplevelse. Hege trur heilt klart at det blir gjentakelse og Holmenkollstafett også neste år, for det var artig å løpe etappa for Bull-aktiv, seier ho.