Startar bygging av Hellesylt Hydrogen Hub.

Dagleg leiar for Hellesylt Hydrogen Hub, Andreas Venaas Østigård

I desse dagar startar arbeidet med bygging av Hellesylt Hydrogen Hub. Og i desember er det venta at fabrikken skal stå ferdig for produksjon.

Det var eit heller fåtallig publikum som møtte på informasjonsmøtet til Norwegian Hydrogen torsdag kveld på Hægstad Gård 25. mai. Men dei som kom fekk god informasjon både frå Andreas Venaas Østigård i selskapet, og frå tilsette frå Peab som har gjort grunnarbeid med utbygging og er innhyra til meir  arbeid med fabrikken som kjem på Øyrane industriområde på Hellesylt.

-Hellesylt har godt med elvekraft og anlegget på Hellesylt er starten på noko større, sa Andreas Venås frå Norwegian Hydrogen. Han leia møtet og informerte om planane framover.

-Alt av hydrogen som blir produsert her blir brukt i nærområdet, og halvparten av det fabrikken på Hellesylt produserer håper vi vil gå til ferjer mellom Hellesylt og Geiranger.
Produksjonen er avhengig av elektrisk straum, noko Hellesylt har tilgjenge av i dag. Men straumprisen vil ikkje bli høgare i området, den vil bli som andre stader mellom Trøndelag og Sognefjorden, sa Venaas Østigård.

Oppvarma fotballstadion og drivhus

Han antyda at forbruket på ei ferje i døgnet vil vere rundt 200 kilo, og med to ferjer i drift ville det vere mindre enn halvparten av produksjonen ved Hellesylt Hydrogen Hub.
Men når ferjene går på Hydrogen på Geirangerfjorden er usikkert, sa han.

Inn til vidare ville ein søke også andre bruksområder innan biltransport, og oppvarming av Hellesylt stadion, og han ønska seg at nokon kunne starte med drivhus i området med produksjon av tomat og agurk.
Fabrikken ville gje god energi til slikt bruk, sa Venaas Østigård.

Byggetomta for Hellesylt Hydrogen Hub blir innegjerda. Oppe til venstre på bildet ser vi Formvac AS.

Inngjerda og snøfritt

Selskapet Peab som har hatt utbygginga av området på Øyrane skal også stå for den vidare utbygginga av området på Hellesylt.
Fram til ferien i år skal det byggjast ein betong -og sikkerheitsvoll langs bygdavegen, og etter det skal resten gjerast ferdig innan desember 2023.
I vollen mot bygdavegen blir det lagt ned brannvatntankar, og eit gjerde skal avgrense heile området, eit areal som blir snøfritt heile året, vart opplyst på møtet.

Nyttar innestengt kraft

Det kom fleire spørsmål og mange hadde meininga om prosjektet som er unikt i sitt slag i Norge. Det vart spørsmål om ein hadde framsnakka Hydrogen godt nok, og om energikjelda kunne konkurrere med til dømes batteri.
Og det kom fram også ein del motstand til bygginga av ein Hydrogenfabrikk på Hellesylt, eit anlegg og eit drivstoff som kunne skape frykt mellom folk.
Dette såg Venaas Østigård på som svært lite fårleg, og han avviste at Hellesylt var valgt på grunn av eksplosjonsfåre frå fabrikken. Den var ikkje stor, men ville bli sikker og den største i Norge.

-Hellesylt Hydrogen Hub er eit viktig pilotprosjekt, ikkje ein gull-kalv å heve pengar på. Men det er eit prosjekt der ein mellom anna utnyttar innestengd kraft, det er ein av grunnane til at Hellesylt er blitt valgt som utbyggingsstad, sa Andreas Venaas Østigård.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380