LokalnyttLokalsportUkategorisert

Sunnylven J13 vann mot Hareid

Her skårar Sunnylven sitt siste mål og vinn kampen 5-0.

Sunnylven J13 7-er møtte Hareid på Hellesylt stadion tysdag 23 mai. Det vart siger 5-0 (4-0) til heimelaget.

Ingeborg Fivelstad Stadheim var fårleg angrepsspelar for heimelaget og donka inn heile fire mål i kampen mot Hareid sitt J13-lag på Hellesylt stadion tysdag kveld.
Det femte målet, nummer to i fyrste omgang vart skåra av Tuva Marie Korsbrekke.

Det var liten tvil om kvar sigeren ville ende i denne kampen på Hellesylt stadion. Sunnylven har eit ungt lag, men med mange spelarar som er gode i fotball. Ei av dei tysdag kveld var Terese Støverstein, ein forsvarsspelar med fart og tilslag som imponerte gjennom heile kampen.

Også alle dei andre på Sunnylven sitt lag skal ha ros for god innsats i kampen mot Hareid. For laget sin burvaktar, Tonje Støverstein vart det nesten berre ein roleg kveld. Laget leia 4-0 ved pause, men slakka litt av på tempoet i andre omgang. Då vart det berre ei skåring, noko som skuldast at Hareid sin burvaktar var både god og heldig og redda fleire klare sjansar som Sunnylven spela seg til og som det ikkje vart skåring av.

God dommar i kampen var Odd Even Svindseth, VRF.

Sunnylven har så langt vunne alle sine kampar og toppar serietabellen med 15 poeng, 3 poeng føre Herd 2. eit lag Sunnylven slo 3-1 på Hellesylt stadion tidlegare i mai.

Sunnylven sitt J13-lag (i rødt og blått) har mange unge spelarar, men dei er gode….

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380