Sunnylvingar gode i Eikenosa opp.
Laurdag 13. mai vart Eikenosa opp arrangert for 19 gong under gode forhold. Fire løparar frå Sunnylven IL deltok.
(Tekst/foto: Tarjei Korsbrekke)
Terrengløpet Eikenosa opp vart arrangert på Emblem laurdag 13. mai der 49 løparar stilte til start i konkurranseklassa, blant desse var det fire løparar frå Sunnylven IL.
Løypa er på 4,47 km. med om lag 300 høgdemeter stigning, på både sti, asfalt og grus. Den startar ved fjøresteinane på Flisnes og endar ved Røssevollvatnet på Emblemsfjellet.
Emma Korsbrekke og Tuva Marie Korsbrekke var einaste løparane i K 12-13. Trym Helset vann klasse M 14-15 med tida 26:06.
Linn Kammen Flydal kom på andre plass av alle kvinner med tida 26:16.