Lokalnytt

Tradisjonell og god 17. mai-feiring i Sunnylven

Feiringa av 17. mai starta i kjøleg ver i Sunnylven. Men godt program utover dagen gjorde likevel at det vart ei flotte og minnerik feiring for alle.

Tekst/foto: Fredrik S / Gunnar S. Fivelstad

I områder av Sunnylven starta nasjonaldagen med lette snøbyger og lave temperaturar. Men bygdefolk og tilreisande ville feire 17. mai også i år og kom talrikt til arrangementet som Sunnylven IL hadde sett saman i Hellesylt sentrum. Det vart ein gild dag for dei mange som deltok.

Dagen starta ved Sunnylven kyrkje og minneord over falne frå Sunnylven under siste verdskrig. Leiar i Sunnylven IL Tarjei Korsbrekke ønska dei mange vel møtt til minnestunda der elevar frå 10 klasse las minneord og la ned blomar.

I kyrkja heldt sokneprest Ann Kristin Langeland preika under gudstenesta. Ho minte om kva vi alle feira på denne dagen og kva den hadde kosta for å få rettferd og fridom. Som alltid gode og velforma ord på nasonaldagen. Her deltok også Sunnylven skulekorps.

Foto: Svein Jarle Hole

Folketoget, eller barnetoget var kan hende litt kortare i år enn vanleg, noko som skuldast temperatur ned mot 3-4 pluss.
Men med musikk av tjuge topptrimma skulekorpsmusikarar og med dirigent Trond Otto Berg vart det feiande flotte tonar gjennom Hellesylt sentrum også i år. Skulekorpset er vel ein av dei store og viktige aktørane under feiring av nasjonaldagen i den vesle bygda Sunnylven.

Tog og musikantar gjekk gjennom Hellesylt sentrum til Sunnylven omsorgssenter der korpset spela 3-4 av dei mest kjente nasjonalsongane, noko som såg ut til å glede dei mange pensjonærane som hadde sessa seg ute framfor inngangen. Deretter gjekk turen til endemålet for korps og folketog som var Sunnylven samfunnshus.

Arrangør Sunnylven Idrottslag hadde fleire leikkonkurransar ute og her var det fleire som prøvde lukka. I samfunnshuset vart det servert diverse matrettar og drikke.

Også Hellesylt leikarring hadde ein travel dag 17. mai. Fyrst var dei nedom aldersheimen med danseopptreden, og seinare var det nye kvikke dansesteg under folkefesten på samfunnshuset.
Der var også fleire programinnslag med både allsong, glade tonar både på piano og på fele, og tale for dagen av elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule.
God programleiar under folkefesten på samfunnshuset var leiar i Sunnylven IL, Tarjei Korsbrekke.

Feiringa av nasjonaldagen, 17. mai i Sunnylven vart ei hyggeleg samling og ei stadfesting av at bygda har mange gode og flinke aktørar både i song, musikk og andre aktivitetar.
Også temperaturen viste seg frå ei lngt betre side på slutten av dagen.

Trym Helset var treffsikker på pilkast.

 

10. klasse heldt tale for dagen .
Tonje Støverstein og Synnøve Hjellbakk Hole spela fele under folkefesten på samfunnshuset
Barneleikarringen dansa også under folkefesten på samfunnshuset
Ådne Kjellstadli spela piano til songar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380