LokalnyttUkategorisert

Tradisjonelt program på nasjonaldagen.

Kanskje blir ikkje veret av det aller beste i år, men nasjonaldagen i Sunnylven 17. mai blir like fullt feira på tradisjonell måte på Hellesylt.

I programmet som er sendt ut i alle postkasser les vi at feiringa av 17. mai i Sunnylven startar med flaggheising klokka 08.00. Så blir det minnestund over dei falne i siste verdenskrig ved kyrkja, før festgudsteneste ved sokneprest Ann Kristin Langeland og Sunnylven skulekorps.

Barnetoget går frå kyrkja klokka 10.45, og ruta er den same som tidlegare til omsorgssenteret og tilbake til Sunnylven samfunnshus.
Der blir det sal av diverse forfriskningar for både born og vaksne, og med leik og konkurransar for barn og vaksne på skuleplassen.
Barneleikarringen i Sunnylven har opptreden både ved Sunnylven omsorssenter og på samfunnshuset.

Samlinga på Sunnylven samfunnshus avsluttar programmet for dagen. Der får ein høyre Sunnylven skulekorps, det blir dans ved leikarringen, musikkinnslag frå kulturskulen, allsong, og det blir tale for dagen av elevar frå 10. klasse.

Som ein ser blir det ei god og tradisjonell 17. mai-feiring i Sunnylven også i år med Sunnylven Idrottslag som arrangør.

Om kvelden 17. mai held feiringa fram med dans i Sunnylven samfunnshus til musikk av Kjetil Grodås frå Hornindal. Arrangør der er Hellesylt Ungdomslag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380