Turveg og grillplass klar til bruk
Det var til sommaren 2021 at grillplassen med benkar og grillpanne stod ferdig på Vardegjølet. No er alt på plass igjen for turgåarar etter den gamle bygdevegen.
Den gamle bygdevegen over Vardegjølet i Berga i Sunnylvsbygda er fri for snø og klar for mange turgåarar ut over sommaren. Det same er grillplassen på toppen av Vardegjølet der det er rigga med rastebord og ei flott grillpanne.
Dit kan ein gå etter den gamle bygdevegen frå Rindekroken ved Frøysa og mot Hole, eller om ein ikkje vil gå «gamlevegen» kan ein ta ein liten avstikkar til TV-masta og sendaren der fyrst. Der er det også 3 poeng å få i idrettslaget sitt trimopplegg.
Her er alt valfritt og med fleire mulegheiter.
For to år sidan vart det gjort mykje med rydding og tilstelling av den gamle bygdevegen over Vardegjølet. Fleire rastebord vart sett ut og det kom opp nameskilt fleire stader.
På eit svaberg på toppen av Vardegjølet vart det laga ein grillplass med benkar og grillpanne. Her kan alle grille det ein måtte ynskje, men grillkol og tennveske må takast med.
Pådrivar og aktiv i opprustinga av vegen over Vardegjølet har vore Inge Bjørdal. God hjelp har han fått også av fleire frå Bygda, og av 4H.
-Det har blitt eit tresifra antall dugnadstimar, sa han for to år sidar. Etter det har det blitt enno fleire.
Nyleg vart mellom anna mange rastebord beisa på nytt og sett på plass.
Ein tur etter den gamle bygdevegen over Varden i Berga er å anbefale. Ikkje minst er høgda ned til juvet der Bygdaelva renn ei ekstra oppleving.
Her er nokre bilder frå gamlevegen og området: