Ukategorisert

Vann fotballkamp i kulingbyger

Sunnylven J10 og trenar Kim Sture Flo var i Ullsteinvik og spela fotball onsdag. Det vart eit spanande oppgjør i sterke vindkuler , skriv trenaren. Han rosar det unge laget;

-Med opp til 17 sekundmeter vind i kasta, regn og sol om kvarandre kan ein trygt si at det var skiftande forhold på Høddvoll i kveld.
Måten vi jobbar på som lag og spelar fotball på er meget stabil! Det vart ein jevn første omgang der begge lag følte seg seg fram, men Sunnylven tok ledelsen. Andre omgang var også jevn, men vi økte ledelsen til 4-0 før Hødd fekk to velfortjente mål heilt på tampen. To gode lag som spelte fin fotball under tidvis krevande forhold.
Nok ein gong veldig imponert over innsats og viljen i laget, og veldig stolt trenar til ein flott gjeng!, skriv han i e-post til hellesylt.info.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380