Vellukka dommarkurs.
Spelarar frå G13 og J13 var 1. mai samla til klubbdommarkurs. Formålet med kurset var å lære opp ungdommane slik at dei kan dømme barnefotballkampar (6-12 år). Kurshaldar var Tove Marie Tandstad frå Sykkylven IL.
Kurset var delt inn i både ein praktisk del og ein teoridel. I forkant måtte også deltakarane ha gjennomført ein e-læringsmodul. Ved å ta kurset får deltakarane kunnskap i spelereglar på små baner og forståelse for intensjonen med barnefotball og dommaren si veiledande rolle i desse kampane.
Kurset vart avslutta med pizza frå Øcal og Kahoot.