Lokalnytt

Viste storform i franske Nice

Kari-Anne Tryggestad Ryste tok turen til Nice nyleg og sprang halvmaraton. Det vart nesten klassesiger.

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL si ubestridte maraton-dame har vore i Nice i Frankrike og konkurrert på halvmaraton. Det vart nesten siger for den spreke dama.

Kari-Anne Tryggestad Ryste er koma heim etter tur til Nice i Frankrike saman med tre andre løpeveninner. Denne gongen var det halvmaraton (ca. 21.0 km) damene frå Norge stilte til start i, og dei gjorde det godt.
Kari-Anne konkurrerer for Sunnylven IL. I Nice gjekk halvmaraton unna på 1.36.17, ei tid som gav andre plass i klassa hennar, og var den 48. beste av alle damer som fullførte løpet i det store arrangementet med over 3000 deltakarar.

Kari-Anne Tryggestad Ryste er veldig fornøgd med gjennomføringa av løpet. Også veret var perfekt, med 17. varme grader og vindstille, fortel ho.

-Det var ein flott tur og eit flott arrangement i vakre omgivnader på den franske riviera, saman med tre gode løpeveninner, Elise, Venke og Maren, skriv Kari-Anne.

Og vi i hellesylt.info gratulerer så mykje med ein godt gjennomført halvmaraton.

Jublande norske damer etter halvmaraton i Nice. Elise, Maren, Venke og Kari-Anne.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380