AP-gruppemøte på Hellesylt
I høve kommunestyremøtet i Stranda onsdag 14. juni la Arbeiderpartiet gruppemøtet sitt til Hellesylt måndag. Her fekk representantane sjå den nyrestaurerte skulen og vart imponert.
Budsjettet heldt og arbeidet som er utført er godt. Det var konklusjonen representantane frå Stranda Arbeiderparti gav då dei måndag kveld hadde gruppemøte på Sunnylven skule som var ferdig restaurert i 2022. Stranda kommunestyre har sitt siste møte før ferien 14. juni.
På gruppemøtet måndag vart sakene til kommunestyremøtet diskutert, og på spørsmål fekk vi lista opp av det Stranda Ap vil prioritere å arbeide med framover.
Arbeiderpartiet er opptekna av helse og oppvekst, dei ønskjer å sjå på eigedomsskatten og utviklinga av den, dei vil legge til rette for industri og boligbygging i alle bygdelag og håper på samarbeid med andre parti om det.
Partiet er bekymra for at det skal kome store kutt i mellom anna pleie og omsorg, noko dei ynskjer å unngå. Det er lett å love mykje som kan verke bra, men vanskeleg å gjennomføre, hevda dei.
Stranda Ap hadde nyleg besøk av olje -og energiminister Terje Aasland. Han var innom eit møte på Hellesylt, og han fekk sjå Åkernes-fjellet på nært hald.
På jonsokaftan kjem ein ny toppolitikar frå partiet til Stranda, nemleg Per Vidar Kjølmoen. Også han tek turen til Hellesylt denne dagen, vart opplyst.