Lokalnytt

Årsavslutning ved Sunnylven skule.

Sunnylven skulekorps opna avslutningsfesten ved Sunnylven skule.

Ved Sunnylven skule var det årsavslutning onsdag 21. juni. I samfunnshuset vart det etter kvart fullt av foreldre og andre som fekk ei triveleg stund med lett og lødig program av fleire klassetrinn.

Det var Magnar Tufte Tyssen frå leiarteamet ved skulen som ønska alle mel møtt og presenterte programmet frå scena. Jobben gjorde han ryddig og godt der han i tillegg gav eit lite attersyn for alle klassestega frå året som er gått. Elevane hadde hatt eit aktivt og godt skuleår både i klasseromma og på ulike turar rundt om i store deler av kommunen, fekk vi oss fortalt.

Fyrst ut på scena onsdag kveld kom Sunnylven skulekorps og som vanleg svinga det flott, fyrst ein litt nyare på repertoaret som har namnet Arosa, og så gode og godt inndrilla «Sunnylvsmarsjen» av Helge Fivelstad. Dermed var avslutningsfesten godt i gang.

Og på scena kom dei i tur og orden frå dei yngste elevane til niande klasse. At Sunnylven skule er med i musikktevlinga Skapia også i år er stort. Under programmet fekk forsamlinga høyre litt av bidraget skulen har sendt inn og sikra seg finaleplass med.
Vi let oss imponere av musikkverket som denne gongen også hadde song, eit musikkstykke vi trur vil kome høgt i finalerunden.

Så kom andre klasse på scena og med frimodig liv og lyst framførte dei fleire songar til pianotonar av lærar Evgenii Zhukov. Også det triveleg å høyre på for alle som kom på skuleavslutninga.

Også fleire andre elevar var engasjert med programinnslag, mellom dei frå storskulen. Programleiarane Sune og Trym annonserte innslag av både verbale nyhende og ikkje minst danseinnslag, og som klasseelevane fekk stor jubel og applaus for.
Til sist kalla dei lærar Egil Dolmen på scena til gode ord. Egil skal slutte som lærar etter det vi forstod, men den pensjonerte skulemannen vil bli sakna. Ein triveleg og omgjengeleg person som har bidrege for mange avgangselevar og andre ved Sunnylven skule i mange år, noko dei to fekk sagt i rosande ord til læraren sin.
Med storskulen sitt innslag var programdelen over.

Seks av avgangselevane var til stades, frå venstre Sofie Kjellstad, Selma Sjåstad Hole, Kristin Langeland, Tonje Støverstein, David Røyrhus, Johannes Friestad og lærar Liv Norun Langeland.

Då var det tid for utdeling av vitnemål til avgangselevane ved Sunnylven skule. Og Magnar Tufte Tyssen hadde berre gode ord å kome med til elevane han møtte for fyrste gong då han kom til skulen som lærar.
I år var det åtte avgangselevar, Tonje Støverstein, Selma Sjåstad Hole, Sofie Kjellstad, Kristin Langeland, Marie Storstein Forbord, Linus Frøysa, David Røyrhus og Johannes Friestad. Berre seks av dei var til stades.
Under avslutningsfesten fekk dei sine vitnemål, og dei kvitterte med å fortelje om livet og åra ved Sunnylven skule, før dei delte ut blomar til alle sine lærarar ved skulen gjennom ti år.
Ei ekstra rose og gode ord fekk lærar Liv Norun Langeland som hadde hatt elevane det siste året.

Årets avslutningsfest ved Sunnylven skule vart avslutta med gratis kaffi og kaker til alle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380