Lokalnytt

Feira midtsommar på kyrkjelydshuset

Det namnlause bandet med frå venstre Bjarne Sjåstad, Knut Hanssen og Oddvar Gausdal underheldt med flott musikk på jonsoktreffet i pensjonistlaget.

Sunnylven pensjonistlag inviterte til midtsommartreff fredag 23 juni. Samlinga vart flytta til kyrkjelydshuset då vermeldinga var usikker.

Til Sunnylven kyrkjelydshus kom rundt 40 medlemer i Sunnylven pensjonistlag på midtsommarfest fredag då laget flytta jonsokfeiringa si frå Trivselshagen ved omsorgssenteret på grunn av vermeldinga.

Sjølv om sola titta fram fleire gonger vart det ei fin feiring også på Sunnylven kyrkjelydshus der leiar Astrid Langeland kunne ønskje vel møtt til kring 40 pensjonistar.

Astrid orienterte om programmet for dagen som baud på både servering, lotteri og ikkje minst mykje flott musikk av tre medlemer, Knut Hanssen, Bjarne Sjåstad og Oddvar Gausdal.
Etter tre svingande melodiar kom rjomegrauten på borda, ein stor og velsmakande porsjon med pynt på. Deretter vart det servert kaffi og kaker.

Dei tre med Knut Hanssen som vokalist baud også på fleire musikalske innslag seinare i programmet, mellom anna i allsong.

Rundt småborda gjekk praten lett og lystig lenge før det var klart for åresal og tombola. Vinnarprodukta varierte frå matvarer til pynt -og bruksting.
Ei fin markering av midtsommar frå Sunnylven pensjonistlag.

Det kom mange til jonsoktreffet på kyrkjelydshuset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380