J 10-laget skårar mange mål
Onsdag kveld gjekk fotballturen til Ørsta for J 10-laget. Med litt frafall av ulike årsaker stilte laget med 7 topp motiverte spelarar.
Alle var motivert og heilt bekymringsfrie for å måtte spele heile kampen, sjølvtilliten var med andre ord på topp, rapprterer trenar Kim Sture Flo. Og resultatet viste at slik var det.
-Ørsta kom til sine sjanser, men vår solide keeper slapp berre inn to mål. Andre vegen klaffa det meste og vi kunne notere oss ti mål når dommeren blåste av. Nok ein gang er det innsatsen som blir belønna, og alle sju jobbar heile kampen gjennom.
Veldig bra, skriv trenaren.
Laget møtte Volda heime sist veke. Det vart ein jevn kamp der Sunnylven drog i land ein 7-5 siger.