LokalnyttLokalsport

J13 til topps !

Seriemeisterar J13.07 Vår. Bak frå venstre: Fredrik, Ingeborg, Marta, Tora, Tuva Marie, Siril, Olivia og Therese. Framme trenar Lillian Aasheim og keeper Tonje.

Det vart ein meget spennende kamp på Gurskøy kunstgrasbane då heimelaget MTG tok imot Sunnylven J13 tysdag ettermiddag.

Premissane før kampen var klare: Dersom Sunnylven tok poeng i denne kampen ville dei bli seriemeistarar i J13.07 Vårsesong.

Gurskøy Stadion.

Men det starta dårleg for Sunnylven. Etter 10 minutt sende Frida Ljotebø-Krokå heimelaget i leiinga, og MTG dominerte fyrste omgang og hadde fleire tilløp som kunne gitt tellande resultat. Sunnylven fekk ikkje pasningsspelet til å fungere og dei gongane dei nærma seg mål vart dei stoppa av eit hardtspelande heimelag. Dermed 1-0 til pause.

Andre omgang starta derimot betre for Sunnylven. Etter fire minutt spelte Fredrik fint gjennom Tuva Marie. Ho kom aleine med keeper og plasserte ballen kontant ned i venstre hjørne. Sunnylven var mykje betre med denne omgangen, men det var likevel MTG som fekk neste scoring. Serine Ulfstein avslutta forbi Tonje. Tonje spelte igjen ein meget god kamp i målet til Sunnylven.

Dersom dette resultatet holdt seg ville Vanylven bli seriemeisterar, men Sunnylven kjempa på og fekk si fortente utlikning 10 minutt før slutt. Ingeborg vann ein knallhard duell mot Tyra Kleppe i midtforsvaret til MTG og donka ballen i mål til stor jubel frå bortelaget sine spelarar og tilreisande tilskodarar. Dette var Ingeborg sitt 16 mål i vårsesongen.

Sunnylven holdt ut dei siste minutta og kunne dermed avslutte sesongen med 7 sigrar og 1 uavgjort. Meget solid. MTG spelte fin fotball, men kombinerte dette med hardt spel – desverre av og til over streken.

Etter kampen var det feiring 🙂

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info