LokalnyttLokalsport

J13 tok sin sjette strake siger.

To glade målscorarar etter kampen: Tuva Marie og Siril.

Sunnylven J13 tok mandag sin sjette strake siger for sesongen med 2-0 borte mot Volda 2.

Det vart kanskje ein jamnare kamp enn ein kunne forvente basert på tabellsituasjonen før kamp.

Sunnylven hadde dei fleste sjansane i fyrste omgang, men ein meget god Nyariek Simon Reath i heimelaget sitt mål  tok seg av det meste som Sunnylven skapte. I den andre enden av bana hadde Tonje full kontroll godt hjelpa av forsvaret med ei meget frisk lillesyster Therese i spissen.

Kun ein gong i fyrste omgang måtte Volda-keeperen hente ballen ut av buret. Det var etter knappe halvtimen når eit skot frå Tuva Marie sneik seg inn nede i høgre hjørnet til keeper.

Også i andre omgang var det Sunnylven som skapte dei fleste sjansane, men ein god keeper og treverket gjorde at det kun vart uttelling ein gong. Etter 60 minutt spel vann Ingeborg ballen på midtbana og spelte Siril aleine med keeper. Siril gjorde ingen feil og satte punktum med 2-0 til Sunnylven.

Den oppsette dommaren møtte ikkje opp så Sunnylven sin trenar Lillian Aasheim måtte ta dommarjobben ; noko ho klarte meget godt. Petrin steppa inn som lagledar for J13 som no tronar øverst på tabellen med 18 poeng etter 6 kampar.

Neste kamp for J13 er heime mot Sæbø tysdag 13. juni. Då håpar vi mange kjem og heiar fram laget til forhåpentlegvis nye poeng.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info