Kløvertur på måndag

Trim og sosialt fellesskap er godt for kropp og sjel, skriv Sunnylven sanitetslag som inviterer til Kløvertur i området Hellesylt sentrum til Shellkaia og tilbake måndag 12. juni.
Sunnylven sanitetslag har skipa til fleire Kløverturar det siste året, rusletur i nærområdet for både unge og eldre. Alltid har det vore godt frammøte på turane som har enda opp med kveldsmat på Sunnylven kyrkjelydshus.
Også denne gongen er det start frå Kyrkjelydshuset i Hellesylt sentrum måndag 12. juni klokka 17.30. Så går turen til Shellkaia og tilbake, du kan gå, sykle, trille vogn, bruke rullestol eller springe om du vil, kriv dei. Og om ein ikkje ønskjer å fullføre heile turen er det lov å snu før.
På kykjelydshuset blir Kløverturen avslutta med kveldsmat, pølse med brød, kaffi og saft og sosialt samvær.
Sunnylven sanitetslag håper på god deltaking, -og så blir du ferdig med kveldsmaten før du kjem heim, skriv dei. Ta turen då….