Knallbra kamp av Sunnylven G13.
Sunnylven og Aksla sine G-13 lag på Hellesylt stadion vart ei frisk forestilling, spesielt av heimelaget. Sunnylven vann kampen 6 – 2 (2 – 1)
Det gjekk ikkje mange minutt av fyrste i gang før heimelaget Sunnylven var i leiinga mot Aksla på Hellesylt stadion onsdag kveld. Heimelaget gjekk tøft til verket og pressa gjestane frå Ålesund, så berre ein god målvakt redda laget fleire gonger. Men litt ut i kampen sat den fyrste skåringa. Den donka Fredrik Fivelstad Stadheim i mål etter flott forarbeid av Oskar Ringdal på venstresida.
Det skulle gå lenge før bylaget greidde å kvittere på målet, men til slutt lukkast dei. Dermed stod det 1-1, men trenar Eivind Louis Helset sine gutar tapte ikkje trua på ein ny siger mot topplaget i avdelinga. Like før pause kom mål nummer to, «banka» i mål av Sander Sjåstad Hole.
Sunnylven G-13 leia 2-1 ved pause.
I andre omgang fekk heimelaget vinden i ryggen og dominerte kampen totalt. Det var nok ein av dei betre kampane Sunnylven har spela i år. Og god var storskårar Sander Sjåstad Hole, som stadig sette forsvaret og burvaktar til Aksla på store prøver. Det enda med tre mål i denne omgangen for Sander. I tillegg scora Kai Adam Røyrhus eit mål då han vart spela aleine med keeper.
Gjestane fekk ei redusering i sluttminutta, men fekk nok smake tempoet til motstandar mot slutten. Det var ein god kamp av heimelaget som har eit variert innhald i alder frå 11 til 14 år, men som alle kan å spele fotball som lagspel.
Gode i forsvar og kjappe i angrep, flott innsats og eit strålande resultat. Med resultetet gjekk Sunnylven G 13 til tredje plass på tabellen.
God dommar på Hellesylt stadion var som vanleg Odd Even Svindseth, VRF.