Kulturskulekonserten, eit musikalsk høgdepunkt

Fredag 2. juni fekk publikum i Sunnylven oppleve ungdommeleg song -og musikkliv då elevar frå skulen inviterte til kulturskulekonsert i Sunnylven samfunnshus.
Ein nærast fullsett samfunnshus-sal vart meir enn imponert over det dei fekk høyre under konserten til Sunnylven kulturskule fredag kveld. Elevar frå skulen i bygda stod for ein ny, fantastisk konsert, i eit variert repertoar på ulike instrument. Eit nytt bevis på at Sunnylven skule driv godt og er ein viktig kulturformidlar i ei bygd med eit halvt tusen innbygjarar.
Det nermar seg slutten på skuleåret, også for elevane i Kulturskulen ved Sunnylven skule. Fredag 2. juni fekk di vist i konsert det dei hadde lært så langt og det var ikkje lite. Og dei fekk vist at musikktalentet er stort og til stades på ein to timar lang kveld i samfunnshuset, og der ingen kjeda seg.
Det heile opna med Sunnylven skulekorps og Trond Otto Berg som dirigent. Og korpset skuffa ikkje, for opninga med marsjen Arosa vart eit av fleire høgdepunkt for kvelden. At ei lita bygd som Sunnylven har eit skulekorps med slike musikalske kvalitetar er meir enn imponerande. Vi håper rekrutteringa til korpset vil halde fram lenge.
Og kanskje blir det slik, for nye musikantar kjem stadig til med aspirantar. Under konserten fekk publikum møte fire som også hadde tonen inne fekk vi høyre.
Mange av dei unge som kom på scena hadde andre musikkval og formidla det på ein fantastisk måte. Fleire hadde valgt seg piano som instrument, og lærar Synnøve Hjellbakk Hole introduserte musikarane og fortalde kva dei skulle spele. Eit variert repertoar med lange og korte stykke.
Litt eldre elevar, som Ingeborg, Linus og Trym hadde valgt seg lengre musikkverk, og Ådne Kjellstadli, som no er student i Volda ønska seg å spele eit verk av Ludvig van Bethoven. Det fekk han, på imponerande måte.
Til sist og etter at Kristen hadde vist ferdigheiter med song og gitar, kom det store bandet på scena. Dei spela fire stykke, mellom anna to Bjørn Eidsvåg-låtar med Tonje Støverstein som vokalist. Utruleg flott til stor applaus frå det talrike publikum.
Sunnylven skulekorps er det store musikalske eventyret. Men fredag fekk vi høyre fleire som også set farge på musikklivet bygda Sunnylven.
Det ligg både mykje talent og øving bak det vi fekk høyre under kulturskulekonserten i år, men det må likevel nemne at utan dyktige lærarar hadde ikkje resultatet blitt det vi fekk høyre. Trond Otto Berg, Synnøve Hjellbakk Hole og Erik Torset var alle involvert i konserten fredag på mange måtar. Dei fortener stor takk for resultatet.