LokalnyttLokalsport

Lerum cup, del ein

Laget varmar opp før kamp.

Lerum cup, del ein
Bilder og tekst Eivind Louis Helset.

Torsdag kveld var det klart for avreise til Lerum cup for laget frå Sunnylven. 13 spelarar og 3 vaksne sette snuta mot Sogndal og innlosjering og kveldsmat.

Etter nær tre timar i minibuss kom vi fram til saftbygda Sogndal. Vi fekk i oss litt kveld før vi etterkvart kom fram til Trudvang skule midt i Sogndal.

Det vart arbeidd hardt for å få luft i luftmadrassane og soveposane vart rulla ut. Like før midnatt var dei fleste klare til å legge seg for natta.

Tidleg opp

Å spele cup er ofte einsbetydande med å stå opp tidleg. Ringeklokka gjorde sitt klokka 07.00 og etter kvart var alle påkledd og klare for kamp. Felles frukost saman med veldig mange andre spelarar i høgskulekantina på Sogndal Campus.

På Lerum cup 2023 er 323 lag påmelde i 19 ulike klasser. 826 kampar skal spelast frå fredag morgon til søndag ettermiddag. Kampane blir spela både på Kaupangar, i Sogndal og på Hafslo. Sunnylven sine innleiande kampar blir spelt på Hafslo.

Frukost i magen og niste påsmurt. No gjelder det.

Etter frokost.

Florø blå var motstandar på andre banehalvdel.

Mykje nytt

Sunnylven sitt lag vart flytta til 9-er serie grunna få påmelde lag i 7-er serien.
For spelarane på Sunnylven er dette heilt nytt. Både ny storleik på bana og det å måtte forhalde seg til offside var noko av det gutane og jentene måtte lære seg.

Laga har hatt nokre treningar saman og hatt litt kursing i reglementet på førehand.

Kampane på Hafslo blir i tillegg spela på naturgras.

Det var ein jamn kamp på matta fram til Florø scora etter 8 minutt. Sunnylven hadde god kontroll på spelet. Likevel såg ein at Florø var eit godt og spelande lag. Etter to kjappe mål frå Florø var det liten tvil kvar sigeren kom til å gå. Til pause stod det 3-0 til spelarane frå havgapet.

I andre omgang tok det også tid før Florø scora, men då det løsna kom det kjapt tre nye mål og stillinga etter 35 minutt var 6-0 favør Florø. Kampane blir spela i to omgangar på 20 minutt kvar.

Etter 37 minutt var det endeleg vår sin tur. Kai Adam drog seg forbi spelaren sin og sette ballen kontrollert i lengste hjørne, 6-1. Då satsa vi på uavgjort dei siste tre minutta. Slik gikk det ikkje då Florø sette siste mål i nota til sluttresultat 7-1.

Varmen stig

Etter ein litt grå start på dagen steig varmen utover ettermiddagen. Motstandar Telavåg i gult var dagens andre motstandar.

Også spelet til Sunnylven varma. Det var mange fine kombinasjonar, men kanskje litt vegring for å skyte og avslutta angrepa. Det nikk ti minutt før det vart høl på nullen. Oskar fekk ein dubbelsjanse og sette returen på sitt fyrste skudd med høgre i mål.

klart for avspark.

Han var også involvert i det andre målet då han forserte på høgre sida og la inn til Ingeborg som sette innlegget sikkert i mål. 2-0 etter 12 minutt. Oskar var i storslag denne varme ettermiddagen.
Han tok med seg ballen og runda keeper før han sette den enkelt i mål til 3-0 leiing. Telavåg reduserte like før pause til pauseresultat 3-1.

Like etter pause viste Telavåg at dei også ville vere med i kampen då dei reduserte på noko som for trenaren til Sunnylven såg ut som offside. 3-2 etter 22 minutt.

Men heretter var det berre sunnmørslaget som skapte sjansar. Fleire av dei ganske store også.

Sunnylven sitt fjerde mål kom frå Trym som kom frå eget forsvar og dribla ballen heilt i mål. Ti minutt ut i andre omgang fekk Sunnylven frispark 15 meter frå mål. No var det på tide med Kristen spesial.

Gutane sin innøvde variant der Kristen snublar rett før ballen gav det tredje målet på like mange frisparkforsøk. Trym følgde på og skaut ballen i mål bak ein forfjamsa Telavågkeeper.

Kampen enda med siger til Sunnylven 5-2.

Andre aktivitetar

Etter denne kampen har Sunnylven spelefri til laurdag morgon klokka 08:00.

I Sogndal er det mange ulike aktivitetar å finne på og det ryktas i gjengen at det skal bowlast, kino, diskotek og tivoli.

Spelarar som er med på turen;

Elias, Fredrik, Kai Adam, Jakob, Olivia, Siv-Anita, Ingeborg, Sina, Ari, Kristen, Sander, Trym og Oskar

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info