LokalnyttLokalsport

Lerum cup, del to

Tekst og bilde: Eivind Louis Helset.

Om gårsdagen var tidleg vart dagen i dag enda tidlegare. Vekkarklokka stod på 06.00. Etter tivoli og disko utover kvelden var det nokre som var trøtte og sikkert kunne tenkt seg å sove lenger.
Intens

Tredje kamp i gruppespelet skulle avgjere om Sunnylven kom på andre eller tredje plass i si gruppe. Motstandar var FK Voss. Begge lag har raude drakter og Sunnylven som bortelag bytta difor til cuptskjorta og spela i turkis.

Motstandar FK Voss opna sterkt med 12-0 mot Telavåg, ein motstandar også Sunnylven vant mot. I sin andre kamp tapte Voss og begge lag stod med lik poengsum før dagens kamp.

Sunnylven fekk avspark og starta kampen kontrollert. Dette var nok Sunnylven sin beste kamp til no i turneringa. Kampen var sjansefattig, men i det tiande minutt viste Oskar form og mot. Han dribla to forsvarar før han nesten mista ball. Han klarte likevel å pirke ballen til sides for keeper til leiing 1-0 til Sunnylven.

Det gikk ikkje mange minutta før leiinga vart dobla. På corner frå venstre slo Oskar eit innøvd trekk. Spelarane startar bak i feltet og startar i full fart mot mål. Med mange spelarar mot mål var det tåa til Trym som fyrst nådde ballen som gikk høgt i mål. 2-0 vart også pauseresultatet.

Endringar

Heimelaget FK Voss pressa på meir og meir utover i andre omgang. Dei ønska veldig å ta andreplassen i gruppa. Presset frå vossingane gav teljande resultat to gangar. Fyrst i form av redusering og deretter utlikning til 2-2.

Sjølv om vossingane pressa hardt på klarte Sunnylven å holde dei frå å score fleire mål.

Kampen enda 2-2 og Sunnylven kom med det på tredje plass i si gruppe med ein siger, ein uavgjort og eitt tap. Målforskjell vart 8-11.

Samling før neste

No ventar sluttspelet og utslagsrundar. Foreløpig er ikkje motstandar klar, det kjem an på korleis det går i dei andre gruppene.

Ønsker du å følge med kan du laste ned appen profixio og leite opp Lerum cup og Sunnylven.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info