LokalnyttLokalsport

Lerum cup, del tre

Bak frå venstre: trenar Eivind Louis, Olivia, Ingeborg, Kristen, Sander, Ari, Oskar, Trym, Sina og Siv-Anita.
I midten: Jakob, Kai Adam og Fredrik
Heilt framme: keeper Elias.

Tekst og foto: Eivind Louis Helset.
Utslagsrunden er alltid brutal. Eit lag forsvinn, eit lag går vidare.
B-sluttspel

I åttavndelsfinalen var det Hafslo som var motstandar. Dei spela på heimebane og viste seg å vere eit godt lag. Likevel gjorde Sunnylven godt frå seg heile kampen.

Fyrste omgang var lenge veldig jamn. Ingen av laga klarte skape noko særlig framfor mål. Det var to jamnsterke lag på bana.

Ved pause stod det 0-0 i målprotokollen, men 1-0 til heimelaget Hafslo på antal cornera. I sluttspelet er reglane at ved uavgjort ved fulltid er det laget med flest cornera som går vidare.

Sjansar i begge endar

Andre omgang var meir sjanserik. Sunnylven endra litt på oppstillinga for å kunne skape meir framover i angrep. Det gav resultat og bortelaget kom til nokre halvsjansar.

Hafslo viste seg dag å vere det sterkaste laget utover i omgangen. Vel halvvegs i kampen sette heimelaget inn sitt fyrste mål. Berre minuttet etter dobla dei leiinga til stor jubel frå heimepublikumet som var talrikt på sidelinja. Ein kunne høyre blant publikum at dette var vel fortent etter banespelet.

Så var det igjen Sunnylven som kom til nokre avslutningar som dessverre gjekk utanfor eller over mål. Det vart ein kamp der gjestane ikkje fekk nokon mål.

Sunnylven vant 4-3 i antal cornera, men det hjelp lite når Hafslo vant med antal mål.

Kamp på stadion

Spelarane frå Sunnylven har då ikkje fleire kampar i året cup.

Det blir likevel innhaldsrikt med kinobesøk, disko og ikkje minst på Sogndal stadion der heimelaget tek imot Fredrikstad til seriekamp i OBOS-ligaen.

Takk for følget

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info