Opnar «Den Trondhjemske postvei» 13. august
Etter mange år med opprusting av «Den Trondhjemske Postvei» over Ljøbrekka er det klart for opningsfest søndag 13. august.
Mykje arbeid er blitt gjort og mange kroner er lagde ned i arbeidet for å ruste opp den Trondhjemske postvei frå Ljøen til Herdal over Ljøbrekka. Arbeidet starta for meir enn ti år sidan og no er den populære og mykje nytta turvegen over Ljøfjellet klar for opningsfest.
Ljøbrekkas Venner har sendt ut invitasjon om opning av postvegen som blir 13. august.
Alle som vil vere med og gå samla møter på parkeringsplassen på Herdal klokka 10.50 søndag 13. august:
Start frå Herdal klokka 11.00.
Under vegs på turen til høgfjellet og Brekkeskaret blir det guiding og informasjon.
Klokka 13.00 vil så opning av postveien finne stad på Brekkeskaret der fylkeskulturdirektør Heidi-Iren Wedlo Olsen held kort opningstale, og deretter blir det snorklipping ved Erling Ljøen.
Her blir det også fleire korte taler, lurblåsing og musikkinnnslag.
Resten av programmet for dagen blir slik;
kl. 14.00: Vi går vidare til Ljøsætra.
Kl. 14.45: Rjomegraut på Ljøsætra (NB. Berre mot kontanbetaling)
Lurblåsing og musikk.
Ordet fritt.
Kl. 16.15: Vi går ned til FV. 60 på Ljøen.
Kl. 17.00: Transport tilbake til Herdal etter behov.
I tilfelle dårleg ver vert programmet som annonsert, men tidspunkta vil verte noko endra.