Lokalnytt

Opnar ny kiosk rundt 1. juli.

Saman med Kim Sture Flo har Jan Roger Brekke t.v. og Helge Kvam Karbø kjøpt YX-stasjonen på Hellesylt for å drive den vidare.

Snart opnar ein ny verksemd på Hellesylt som satsar på å drive YX-stasjonen vidare som kiosk og med sal av drivstoff. Tre unge menn har gått saman om kjøpet.

Det var 1. januar i år at Helge Kvam Karbø, Jan Roger Brekke og Kim Sture Flo gjekk inn som nye eigarar av YX-stasjonen på Hellesylt. Då var stasjonen nedlagt, men bensinsalet gjekk framleis på kortautomat. I tillegg var der ein drivar som hadde butikk og sal av kioskvarer til turistar i deler av bygget.

No blir lokalet overteke av dei tre som er nemt innleiingsvis. Dei satsar på ny drift i lokala som tidlegare var brukt til kiosk og sal av rekvisita for motordrift. Lokala har blitt pussa opp til serveringslokale av dei tre nye eigarane der det blir eit kjøkken for tilbereding av enkle rettar, her er toalett, og opphalds / serveringslokale til rundt 20 – 30 personar. Heile lokalet er på rundt 90 kvadratmeter, fortel dei nye eigarane.

-Vi satsar lokalt og vil tilby Hellesyltburger, produsert av vår eiga bedrift på Hellesylt. Det er vi litt opptekne av at vi skal bruke mest mogeleg av lokale råvarer, men også andre go`saker, seier Helge Kvam Karbø.
-Vi skal også drive bensinstasjonen. Her kan kundar kome og fylle drivstoff og betale i kiosken kvar dag så lenge vi har ope, eller ein kan tanke opp på kortautomaten.
Og vi søkjer etter betjening, ein eller to personar, helst over 18 år, men også yngre kan vere aktuelt.
Når det gjeld drifta vil vi sjå litt på kva som skjer på Hellesylt. Vi har fleire ting på blokka, men i utgangspunktet blir opnngstidene på stasjonen mellom klokka 10.00 og 18.00, seier Helge og Jan Roger.

Den nyoppussa stasjonen blir opna rundt 1. juli, seier Jan Roger Brekke og Helge Kvam Karbø.

-Målet er å vere godt innkøyrde til Hellesyltdagane, så opning av det nye tilbodet frå Hellesylt kiosk og drivstoff blir helga før, kanskje med opning laurdag 1. juli.
Sommardagane på Hellesylt er i helga frå 7. til 9. juli, seier dei to.

No pågår oppussing av dei gamle lokala i bensinstasjonen på Hellesylt, og dei er i rute til å rekke opning slik dei hadde tenkt.
Oppussing og opning av den nye stasjonen blir støtta økonomiska av både YX Norge og Stranda kommune. Det var utslagsgjevande for at dei kjøpte anlegget og satsa på ny drift, seier dei og legg til;
-Vi har også gått å kjent på at det var feil å la lokala stå tomme lenger. Difor bestemte vi oss for å få dei opna igjen, noko som blir om to, tre veker.

Eit uteområde kan også nyttast til servering i sommarhalvåret.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380