Ukategorisert

Rydda rås frå Matvika og Lundanes til Røbbedalen.

Sist helg vart råsa frå Matvik og Lundanes til Røbbedalen rydda. Arbeidet gjorde Nils Roger Matvik og Eystein Bruseth.

Når det gror igjen i terrenget må det ryddast. Sist fredag og laurdag vart råsa frå Matvik og Lundanes rydda og merka av Nils Roger Matvik og Eystein Bruseth, så no skal det vere greitt å finne fram om ein vil til Røbbedalen frå dei to plassane.
På Lundanes startar merkinga ved muren øvst på bøen på Nesshalsen, og i Matvika er det start rett utanfor huset, fortel Nils Roger.

Han rettar stor takk til Bruseth som stilte med motorsag og anna utstyr denne helga. Det vart ei varm og god arbeidsøkt på dei to i det varme veret. I tillegg til ryddeutstyr måtte dei bere med seg mellom anna vatn på turen då det ikkje er mogleg å finne noko under vegs opp lia til Røbbedalen.

På bildet ser vi Eystein Bruseth 750 meter over fjorden og med utstyr dei to bar med seg. Foto: Nils Roger Matvik.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380