LokalnyttLokalsport

Siger på Amfi Moa Stadion.

G13 mot Herd. Frå venstre: Ingeborg, Kai Adam, Sander, Trym, Oskar, Kristen, trenar Eivind Louis, Fredrik og Jakob. Framme keeper Elias.

Det var forventa at det kunne bli ein tøff kamp for Sunnylven sitt G13-lag når dei fredag tok turen til Ålesund for å møte Herd 2 på Amfi Moa Stadion.

Heimelaget hadde vunne fire av dei fyrste fem kampane, men mot Sunnylven var det ingen tvil om kvar sigeren skulle havne. Allereie etter 1 minutt sette Sander inn sitt fyrste av totalt 4 mål og kombinert med to mål av Trym og eit kvar av Kai Adam og Jakob gjorde at Sunnylven gjekk til pause med ei komfortabel 5-1 leiing.

Nok ein god kamp av Oskar fredag.

Kampen held fram i same spor også i andre omgang. Mange fine kombinasjonar og solid forsvarspel frå bortelaget førte til fire nye mål medan heimelaget kun klarte å overliste Elias to gongar på langskot. I andre omgang scora Oskar 1 mål medan Sander scora dei tre siste måla til Sunnylven.

Trym scora to mål mot Herd 2.

God dommar var Lars Olsvik Byfuglien frå Blindheim.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info