Sjuande strake siger for J13.
J-13 tok sin sjuande strake siger for sesongen då dei tok imot botnlaget Sæbø til dyst på Hellesylt stadion tysdag ettermiddag.
Olivia Frøysa Hånes opna scoringane allereie etter 3 minutt då ho plasserte ein retur frå keeper elegant opp i krysset. Deretter scora Ingeborg Fivelstad Stadheim to gongar og Tora Rusten ein gong slik at pauseresultatet var 4-0.
Også i andre omgang dominerte heimelaget og hadde fleire skot som anten vart redda av ein god Sæbø-keeper Reidar Arne Mo eller vart stoppa av treverket. Så ein måtte vente heilt til dei siste 10 minutta av omgangen før det kom fleire scoringar. Då vart det to scoringar til kvart av laga. Begge heimelaget sine mål laga av debutant Ane Brenne Ringdal. God dommar var som vanleg Odd Even Svindseth, VRF.
J13 spelte tysdagens kamp utan sin faste keeper Tonje Støverstein. I hennar fråver spela Siv-Anita Aasheim Nessan ein god kamp i mål.
J-13 har no berre ein kamp igjen i vårsesongen. Den går fyrstkomande tysdag borte mot samarbeidslaget MTG.