Lokalnytt

Sparebanken Møre inviterer på tur til Øye

Sparebanken Møre inviterer medlemer i Sunnylven pensjonistlag med følge på ettermiddagstur til Union Hotell på Øye fredag 30. juni.

Avreise med buss frå Hægstad Gård kl. 12.30, og tilbake ca. kl. 16.00

På Union Hotell blir det velkomst ute med aperitiff om veret tillet det. Turen er eit opplegg med Sparebanken Møre.
Banksjef Kjell Martin Ringset orienterer om banken sitt samfunnsengasjement og korleis banken ynskjer å bidra i lokalmiljøet.

Inne på hotellet blir det servert ein to-rettars lunsj beståande av lammeskankar og crème brulée. Til lunsjen vert det servert drikke etter ynskje – vin, øl eller alkoholfrie alternativ.

På turen til Union Hotel, Øye er det med trubadur som skal sørge for god stemning både ved ankomst og under lunsjen.

Meld deg på ved å kontakte Rita Røyrhus på telefon 90 99 50 47 eller send e-post  til rita.royrhus@sbm.no innan mandag 26.juni.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380