Ukategorisert

Sparebanken Møre inviterte på utflukt

Turen gjekk til Union Hotel på Øye då Sparebanken Møre inviterte kundar og andre frå Hellesylt på utflukt fredag. I nye lokale på hotellet vart det både underhaldning, taler og god servering.

Med to nær fullasta bussar drog sunnylvingar og andre på tur til nabobygda Øye på siste dag i juni. Rundt 70 personar var alle invitert til servering og sosialt samvær på hotellet i ein ny og flott sal av Sparebanken Møre. Her vart det både servering, visesong av trubadur og taler, ein triveleg ettermiddag med andre ord.

Banksjef i Sparebanken Møre Kjell Martin Ringset helsa forsamlinga og ønska alle vel møtt. Han orienterte om opplegget, og etterpå gav han ord og tonar til Frode Hagebakk frå Stranda.
Med sin gitar underheldt Hagebakk forsamlinga, både med eigne viser og andre. Kanskje var det mange som kjende seg igjen i teksten til ei sjølvskriva vise og refrenget «eit gamalt sommarminne på ein brattlent gard».
Hagebakk kom også tilbake med nye viser etter måltidet der dei frammøtte fekk seg servert lammeskanke med dessert etterpå.

Rune Hagebakk underheldt med gitar og song under banken si samling på Union Hotel.

Banksjef Ringset leia programmet og fylte på med gode historier.
Sparebanken Møre var ein stor bidragsytar til lokal idrett, men også innan helseomsorg, sa Ringset:
-Når vi skaper overskot skal det gå tilbake til lokalt virke og næring til nytte for folket, sa han og nemde Sunnylven, -ei bygd som grev åt seg.
-Kanskje er det noko rett i det. Etter ni år har eg sett kor mange som engasjerer seg, og stor takk til dei for det. Det har banken sett pris på, mellom anna ved å dele ut store tilskot.

Banksjef Kjell Martin Ringset leia festen.

Kjell Martin Ringset kom inn på opphavet til sparebaken som starta alt i 1849 på Stranda med 417 kroner. Seinare, i 1865 kom det bank i Sunnylven der heile bygda slutta seg til og det gjekk bra.
Han fortalde om historia til Sunnylven sparebank som i 1975 gjekk saman med Ålesund Sparebank og som seinare vart til Sparebanken Møre.
Fleire har hevda at Sparebanken Møre har høgare rentesatsar enn andre.
-Banken er ikkje dyrare enn andre, for brukar vi den får vi av overskotet tilbake til dei gode formåla, sa banksjefen.

Etter god og velsmakande servering kom det helsing frå Sunnylven Pensjonistlag ved Odd Jostein Bjørdal. Laget har vore mellom dei kritiske til at avdelinga til Sparebanken Møre vart lagd ned på Hellesylt frå nyttår.
Vil det bli like bra no når kontoret på Hellesylt er lagd ned, spurde Bjørdal. Dagen i dag er eit ledd i omdømmeutviklinga for Sparebanken Møre, sa han og han håpa at utviklinga ville halde fram på ein positiv måte.
Han kom inn på ein av dei fyrste dagane han som liten gut kom inn i banklokala på Hellesylt for å setje inn pengane sine.
– Der var bankfolk og andre personar, mellom anna gamlebakaren på Hellesylt. -Dei som har smaka julebaksten hans har opplevd noko stort.
Han sette inn pengane sine og då han gjekk ut igjen visste han at han hadde vore med på ei viktig handling, sa Bjørdal.

Banksjef Kjell Martin Ringseth takka for helsinga frå pensjonistlaget og Odd Jostein Bjørdal.  Han ønska alle god tur heim og konkluderte med fylgjande; -Vi skal vere konkurransedyktige lenge!

Nils Inge Frøysa t.v. og Kåre Rørhuus Øie var sjåførar på dei to bussane

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380