Lokalnytt

Storfjordstemne i Osvika, Fjord kommune

Osvika.
Osvika, Fjord kommune

Styret har valt i leggje Storfjordstemnet 2023 til garden Osvika i Fjord kommune. Stemne-plassen ligg rett overfor Fjørå sentrum, heilt ned ved fjorden og berre om lag 100 m frå der vi går i land.

Stemnedag er søndag 11. juni.
Det er tre tidlegare bruk i Osvika gnr./bnr. 47/1 (Nedstegarden), gnr./bnr.  47/2 (Litlehjellen) og  gnr./bnr. 47/3 (Kvennhusneset). Alle bruka er i dag fritidseigedommar.

Sitat frå boka til Liv Randi Bjørlykke frå Osvik-boka:
«Siste åra har mange av gardane i inste dele av Storfjorden fått mykje omtale. Dei høyrer med til det såkalla verdsarvområdet, og namnet gjer at turistar i tusenvis vert lokka hit til fjordane kvar einaste sommar.

 Kyrkjebøkene fortel at det var 62 born i Osvika i perioden 1800-1950. Det skulle tyde på at det var liv her. I dag er det 50 år sidan dørene på dei tre gardsbruka vart stengde.»

Program for søndag 11. juni frå kl. 12:30

Frå kl. 10:30   : Båttur med ‘Sylvkallen’ frå Valldal sentrum

12:00 –12:30 : Bakgrunnsmusikk v/Valldal Hornmusikklag

12:30 – 12:40: Velkomen og orientering om stemnestaden – styreleiar Inge Bjørdal

12:40 – 12:50: Storfjordfanfaren v/Trond Otto Berg – rektor/einingsleiar,
Vestnes kulturskule

12:50 – 13:00: Allsong – «Fagert er landet» med akkompagnement av Valldal
Hornmusikklag

13:00 – 13:15: Helsing frå Eva Hove, ordførar i Fjord kommune

13:15 – 13:30: Kåseri ved Arne Sandnes, tidlegare ordførar i Norddal kommune

13:30 – 13:40: Musikkinnslag ved Valldal Hornmusikklag

13:40 – 14:00: Grunneigar Erlend Osvik Brekke har ordet

14:00 – 14:10: Utnemning av æresmedlem

14:10 – 14:20: To historier skrivne av Liv Randi Bjørlykke, framført av Reidun Smogeli
Helsem

14:20 – 14:35: Om arbeidet til Storfjordens Venner i 2022, og planar for 2023  v/Inge
Bjørdal

14:35 – 15:10: Diverse innslag (sal av rømmegraut og pølser (frå kl. 12:00)
lotteri, sal av effektar frå Storfjordens Venner m.m.)

15:10 – 15:20: Allsong «Vestland, Vestland» med akkompagnement av Valldal
Hornmusikklag

Avslutning og avreise til Valldal.
Sal av mat

  • Rømmegraut med saft                                : 125,-
  • Pølse med brød                                             : 30,-

Sal til inntekt for Storfjordens Venner sitt arbeid

  • Sal/tining av måleri av Per Grønli : 300,-
  • Sal/tinging av foto : Pris etter storleik
  • Sal av T-skjorte «Storfjordens Venner» : 150,-
  • Sal av Storfjord-artiklar : Div.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380