Storsiger mot Volda 3
Sunnylven G13 hadde få problem med å ta tre poeng då dei møtte Volda 3 på heimebane mandag.
Til pause stod det 4-1 til heimelaget og i andre omgang gav dei seg ikkje før dei hadde scora 7 nye mål utan at Volda klarte å redusere. Dermed heile 11-1 til heimelaget. Dette var siste kampen til G13 i vårsesongen og også den siste kampen til Johannes. Dommar var Odd Even Svindseth, VRF.
Oppsummert vart det 5 sigrar, 1 uavgjort og kun 1 tap for Eivind Louis sine spelarar i vår.
Neste utfordring for ungdommane frå Sunnylven er allereie til helga når eit kombinert G13 og J13-lag reiser til Sogndal for å delta på Lerumcup. Her skal det spelast 9’ar fotball med offside !