Vel 30 på trimtreff ved Stegholen

Sunnylven IL friidrett/trim hadde årets fyrste trimtreff ved brua og Stegholsvatnet søndag. Mellom 30 og 40 kom i det fine veret.
Arrangøren var godt nøgd med oppmøtet på årets fyrste trimtreff i idrettslaget. Møtestaden var ved brua like ved Stegholsvatnet og dit kom mellom 30 og 40 personar.
Det var varmt og strålande sommarver på søndag og alle fekk ein fin tur.
Også alle fekk premie. Kvinner og menn fekk velge mellom t-skjorter, seteunderlag og nøkkelring.
Dei yngste fekk godteri, såpebobler, seteunderlag, eller drikkeflaske
Tre av deltakarane vart uttrekt til større premiar:
Ellinor Fivelstad kunne ta med heim; Tursekk, seteunderlag, sykkelsetetrekk og brevopnar.
Geir Ove Hauge: Berbar høgtalar, refleks nøkkelreim og brevopnar.
Daniel Støverstein: Seteunderlag, drikkeflaske, sykkelsetetrekk og brevopnar.