Lokalnytt

Delte ut Teft-middlar

Tok mot Teft-middlar frå Sparebanken Møre. Frå venstre Anne Jorun Sæten, Astrid Langeland, Odd Jostein Bjørdal, Arne Ringdal og Marianne Fivelstad. Bak ser vi programleiar Asbjørn Tryggestad.

Som tidlegare år delte Sparebanken Møre ut Teft-middlar også denne gongen under Hellesyltdagane til saman 210.000.- kroner til lag og organisasjonar i bygda.

Sparebanken Møre stilte toppsterkt under utdeling av Teft-middlar i år. På siste dag og under avslutninga kom banksjef Kjell Martin Ringset på scena på Hellesylt med gode ord til ei bygd med dagar og bevis på at folket har kjærleik til bygda si. Det vart mange gode ord å få frå banksjefen også denne gongen.

Han tok fram historia om opphavet til baken han representerte om kornlagera både på Stranda og Hellesylt som skapte bank og som i 1985 gjekk inn i Sparebanken Møre. I dag ein solid bank som årleg deler ut av overskotet til lag og gode formål i bygder på Sunnmøre. At folket sluttar opp om og brukar banken gjer at mange kan få gode kroner å lagskassa, meinte baksjef Ringset.

Med seg under tildelinga hadde han baktilsett Stig Tryggestad. Han delte ut og kalla fram mottakarar som alle kom på scena og tok mot

Desse fekk Teft-middlar:
Gamleskulen aktivitetsmuseum kr. 10.000.-
Sunnylven pensjonistlag kr. 10.000._
Kulturbedehuset, Hellesylt kr. 10.000.-
Hellesyltdagane kr. 30.000.-
Hellesylt Ungdomslag kr. 150.000.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380