Lokalnytt

«Det store andesleppet»

Det aller siste programposten under Hellesyltdagane var premiering av vinnarar i «Det store andesleppet» i Hellesyltfossen. I år var det 11 vinnarar og utbetalt 31.000.- i premie.

Som i 17 år tidlegare var «Det store andesleppet» i Hellesyltfossen siste innslag under Hellesyltdagane. Over totusen gule plastender farga Hellesyltfossen og sjøområdet kring Hellesylt bro etter at traktoren med den fulle skuffa av andefigurar har tippa dei over rekka på Høge bru. Ei spanande stund for mange om det var deira and som gav ein av dei store premiane, totalt 31.000.- kroner denne gongen.

Programleiar Asbjørn Tryggestad talde ned starten for den gule skare oppe på Høgebrua to gonger, men traktoren med den verdifulle lasta måtte flytte på seg eit par gonger. Alle ender skulle i vatnet i elva som denne dagen var både brusande og vassrik.

Og så skjedde det, klokka 17.15 gjekk heile lasta med over 2000 plastender i vassmassane ved Høge bru. Spaninga var stigande hos meir enn tusen personar som fylgde det heile frå brua og gata i sentrum.

Til mål ved oljelensa kom dei på rekke og rad, og der var næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal på plass saman med fleire i båt og plukka opp, først vinnaranda til Hilde Hopland og deretter alle dei andre.

På utescena vart dei 11 vinnarane lese opp av programleiar Asbjørn Tryggestad med assistanse av Marianne Fivelstad, fyrst seks på 1000.- kroner, og deretter alle dei andre, totalt 31.000.- kroner i premie denne gongen.

Her er vinnarane av Andesleppet i Hellesyltfossen 2023.
1000,- kroner:
Lisa Marie Grøndal
Jakob Frøysa Hånes
Peder Hellebostad
Simon Taraldset
Charlotte Nogva
Oddfrid Hole.

3000.- kroner
Johanne og Rolf Matvik

5000.- kroner
Ann Janne Hole

7000.- kroner
Kjell Martin Ringset

10.000.- kroner
Hilde Hopland.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380