Fullsett kyrkje på konset

Sunnylven kyrkje var fullsett og vel så det då Odd Nordstoga og to musikarar vitja det store bygget med konsert fredag 7. juli.
Det strøymde på med unge og eldre til sommardag-konserten med Odd Nordstoga og to andre musikarar i Sunnylven kyrkje fredag 7. juli. Konserten vart ei stor oppleving i den høgreiste, flotte kyrkja i Sunnylven.
Mellom 300 – 350 kom på konsert med den kjente, songaren og trubaduren frå Vinje i Telemark. Frå koret i kyrkja heldt han det gåande i nær 90 minutt og avslutta med ein av dei store kjenningane frå det lange musikalske livet hans, «Kveldssong for deg og meg».
Då tok det verkeleg av i kyrkja med både song, applaus og jubel.
Odd Nordstogea har meir enn 20 år bak seg som soloartist i Norge. Stadig kjem det nye «perler» frå musikaren som har sanka inn meir enn ti Spelemannsprisar. Konserten på Hellesylt var verd ein pris til.
Det vart ei stor stund for mange vil vi tru, Med gitar munnspel og trekkspel brusa det tonar ut, det aller meste frå eigen produksjon. Ein konsert som fekk mange gode ord frå Geir Frøysa som opna og avslutta det heile. Han delte ut den tradisjonelle gåva til gjesteartistar under Hellesyltdagane, eit bearbeida saueskinn frå garden Øvre Ljøen. Det sette Odd Nordstoga stor pris på.
Kyrkjekonserten opna Hellesyltdagane 2023. Ei betre opning enn dette kunne vel ikkje arrangementet få med fullsett kyrkje og gode musikarar.
Også artisten sjølv sette pris på besøket og publikum i Sunnylven kyrkje og takka audmjukt for seg til slutt.