Lokalnytt

Har rydda og merka turræser på Åkneset.

-Den 16. juli merka eg råsa frå Yste-Åkernes til fjell og avslutta merkinga i ca 950 meters høyde. Meir vart det ikkje tid til i denne omgang.
Det skriv Nils Roger Matvik i e-post til hellesylt.info.

Tekst/foto: Nils Roger Matvik

-Sist helg vart råsa fra sjøen og opp til MeÅkneset rydda på fredag av Eistein Bruseth som stilte med motorsag og med hjelp av underteikna til å fjerne strongar og greiner frå stien. På laurdag vart tunet på MeÅkneset slått av Eistein. Han saga også ned skog framfor huset slik at det er lettare å sjå huset frå sjøen.
På ettermiddagen vart råsa mot Litlesæter rydda og merka. Her var det litt utfordrande då eit par svære bjørker låg over stien. Vi kom ikkje heilt i mål så resten vart tatt på søndag.

På råsa mellom Litlesætra og Ytste-Åkernes  var det ikkje naudsynt med så mykje rydding, men råsa vart i alle fall merka. No bør det vere forholdsvis greit å finne fram til gardane eller gå over fjellet til/frå Strandadalen.

Det skriv vår heimelsmann i området, Nils Roger Matvik.
Vi takkar han så mykje, både for ryddejobben ved Åkneset, og informasjon om arbeidet.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380