LokalnyttLokalsport

Hege og Olav Erling suverene vinnarar

Hege Ringdal og Olav Erling Aaland, suverene vinnarar av Hellesyltløpet 2023.

Laurdag vart det 34 Hellesyltløpet arrangert med god deltaking. Heile 76 unge og eldre løparar stile til start.

Hellesyltløpet har ikkje blitt arrangert i den «rette» traseen dei siste tre åra. I 2019 vann Thorild Mathisen, Vidar og Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL, begge på gode tider.

Ikkje dårlegare vart resultata i år i solsteiken på Hellesylt stadion der vinnarar i seniorklassa vart Olav Erling Aaland og Hege Ringdal. Også i klassene jenter og gutar opp til 16 år var det god deltaking. Her vann Oskar Ringdal, Sunnylven IL for gutar og Eline Berntsen, Vinger.

I senior kvinner stilte fleire løparar og her var Hege Ringdal suveren. Ho kom i mål til 27.. På andre plass kom Erika Ogiente, Velledalen IL

I senior menn vart det suveren siger til Olav Erling Aaland. Han tok leiinga frå start av og var aldr truga. I mål var vinnartida 2.25 før neste løpar.

Hellesyltløpet vart godt gjennomført i sol og høge temperaturar, nesten i det meste for enkelte.

Nærare 80 deltakarar til start i Hellesyltløpet 2023.

Her er den offisielle resultatlista frå dagens løp.

[pdf-embedder url=»https://www.hellesylt.info/wp-content/uploads/2023/07/Offisiell-resultatliste-Hellesyltlopet-2023.pdf» title=»Offisiell resultatliste Hellesyltløpet 2023″]

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380