Lokalnytt

Hellesyltdagane har kjøpt sirkustelt av Agora

Det store festivaltetet som Hellesyltdagane har kjøpt inn fyller heile parkeringsplassen ved Hægstad Gård.

Hellesyltdagane har kjøpt stort festivaltelt av sirkus Agora. I helga vart det rigga på parkeringsplassen ved Hægstad Gård, midt i Hellesylt sentrum.

Det fyller heile parkeringsplassen ved Hægstad Gård det blå og store sirkusteltet som Hellesyltdagane har kjøpt. Fleire stader på teltet står Agora med store og tydelege bokstavat, men på Hellesylt skal det ikkje brukast som sirkustelt. Her blir det dans og underhaldning under festivaldagane.

På Hellesylt kjem det i bruk til helga, seier Marianne Fivelstad, leiar i HUL. Her blir det dans både fredag og laurdag, fyrst med trubadurane Øystein Eckhoff og Åge Nygård som spelar i teltet fredag kveld etter kyrkjekonserten, og på laurdag blir det stordans med dansebandet Staut. Gruppa frå Valdres vart skipa i 2009 og har sidan då over ti millionar avspelingar på Spotify.
Same kveld kjem også bandet Bask som oppvarminsband i teltet.

På søndag kjem Kamelonen dyrehage på besøk til Hellesyltdagane. I festivalteltet ved Hægstad kan ein få sjå både slangar, øgler, rotter og papegøyer om ein tek turen innom.

Skulle det bli dårleg ver under Hellesyltdagane, noko det ikkje tyder på så kan det bli fleire aktivitetar i sirkusteltet. Det rommer frå 600 til 1000 personar, har vi fått opplyst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380