Hellesyltløpet for 33 gong på laurdag.
Eitt av dei store og faste arrangementa under Hellesyltdagane er Hellesyltløpet som i år blir arrangert for 33. gong. Og denne gongen er løypa for senior den gamle, lange på 6.6 km.
Trimm /friidrettsleiar i Sunnylven IL, Per Svein Hole har alt klart når vi spør om årets løype til Hellesyltløpet. I år blir det løypa som går frå stadion til Stadheim og snur på Kjellsmyra tilbake til målgang på Hellesylt stadion, eit løp på grus, asfalt og grasbakke på 6.6 km. og med stigning på ca. 60 meter, seier han.
I fjor vart løypa endra grunna mykje jordarbeiding i deler av løypetraseen.
Då vart det ei avkorta løypa gjennom sentrum av Hellesylt med ein tøff motbakke opp lags Hellesyltfossen og over Høge bru, før retur gjennom sentrum og tilbake til Hellesylt stadion. Denne løypa vart kortare, ca 3.0 km.
No er gamletraseen på 6.6 km klar for bruk igjen for senior damer og menn. For dei yngste deltakarane blir løypa på ca. 1600 meter med start på stadion og mot sentrum, før den svingar tilbake ved Formvac og med ein runde på stadion igjen før målgang, fortel Hole.
Per Svein Hole håper på god påmelding i alle klasser. Hellesyltløpet har hatt 130 løparar til start på det meste, men i vanlege år er startfeltet på rundt hundre.
Arrangøren Sunnylven IL har sendt ut arbeidsliste for løpet, merking av løypetrase, påmelding og utdeling av startnummer, tidtaking og meir. Rundt 20 personar er sett opp til dei ulike gjeremåla for Hellesyltløpet denne gongen.
Løpet har start og innkomst på Hellesylt stadion laurdag 8. juli kokka 15.00, med påmelding til løpet mellom klokka 13.00 og 14.00 same dag.